Geologiens Dag på skulane

Hjørungavåg skule er ein av skulane som har lang tradisjon for å delta i Geologiens Dag sin teiknekonkurranse. Fyrste gongen skulen deltok var i 2010, og dei har kvart år sidan delteke i konkurransen.  Skulen har fleire gonger vore blant vinnerane, og det gjev sjølvsagt meirsmak for dei andre elevane.

Kvar haust har klassane geologi som tema i samband med Geologiens Dag. Vanlegvis startar lærarane den første timen med å introdusera geologi, og ikkje minst stilla spørmål som får elevane til å undra seg over kva geologi er.  

Hjørungavåg skule ligg i eit område med storslått natur. Dei har høge fjell, dalar, elvar, fjorden og havet rett utanfor klasseromsvindauga, noko som gjer det lett å flytta klasserommet ut i naturen. Skulen brukar naturen mykje, og fleire av klassane har som tradisjon å ha uteskule ein gong i veka. Ved å flytta klasserommet ut er det lettare å ta i bruk det som ein lærer inne, og ein får både sjå og ta på geologien på ein annan måte. 

Før dei set seg ned og teiknar, går dei inn på temaet som gjeld for konkurransen og prøver å få elevane til å tenke nytt. Mange har lett for å kopiera det som har vore før, men ei felles idèmylding i klassane er med på å få nye tankar i sving, og få elevane til å tenke nyskapande og kreativt. Dette er nok ein av grunnane til at det har vore mange vinnarteikningar frå elevar ved denne skulen.

Teikningar som har vore blant vinnarane tidligare er hengt opp i gangen. Det er derfor lett for elevane å studera og få inspirasjon til framtidige teiknekonkurransar. Det er alltid kjekt for elevane å sjå elevarbeid hengande på veggen, og mange kan vera stolte over alle dei flotte «geologiske» teikningane som elevar har laga ved skulen dei siste 10 åra. 

Alle born, til og med 13 år, kan delta i teiknekonkurransen kvart år. Barnehagar og skular kan senda inn teikningar, eller born kan teikna heime uavhengig av andre. I disse kjedelege koronatider passar det godt å finne fram dei kreative eigenskapane og driva med slike innesyslar. Teikningar kan sendast inn gjennom heile året til . Les meir, og sjå tidlegare års vinnarteikningar under fanen geologiensdag.

Hovedsponsor

Norsk Geologisk Forening søker en hovedsponsor for Geologiens Dag.

Gullsponsorer

 

     

 

   

          

 

      

 

     

 

 

Sølvsponsorer

  
     
 
 
          
       

Bronsesponsorer

 

 

 
   
   
   
           
    Støttet i 2020